Kjære lesar,
Eg er Markus og eg jobbar som IT-konsulent, som det så flott heitar. I jobben min har eg drevet med litt forskjelleg, og har hatt nokre forskjellege rollar. Her er eit utdrag:
- Lagleiar
- Teknologileiar
- Kunnskapsingeniør
- Infrastrukturutviklar
- Systemutviklar
Det meste har heldigvis vore gøy!
I jobben som IT-konsulent har eg likt meg aller mest i den semantiske verda. Å djupdykke ned i RDF med SPARQL og SHACL er overraskande gøy. Spesielt sida eg ikkje var noko imponert av det på universitetet.
På fritida har eg fleire syslar, men den størte er nok lesing. Eg les som oftast i ei bok, og eg skriv om dei på tankehavet mitt.
I tillegg til å lese likar eg å skrive, og eg har fått utgjeve ein trilogi om nokre superheltar som heiter Udugelege heltar. Med eit nystifta forlag håpar eg å få utgjeve nokre fleire på eigahand.
Om du er nysgjerrig kan du finne ut meir om det meste eg tenkjer og meinar på mastodon. Eg er ikkje å finne på (dei fleste) normale sosiale mediar då eg prøvar å få betre kontroll på kven som har tilgong til data om meg. Skvip.lol er mi eiga mastodon-instans, men eg driftar han ikkje sjølv.
Eg har eit domeneproblem som eg sliter med å få kontroll på. Skvip.lol, Dylgja.no, msge.no, og fleire ubrukte... Det blir litt masse.
Du kan, enda, finne meg på LinkedIn for å lese meir om karriera mi.
Med venleg helsing frå,
Markus M-G




